Brukte mastergraden til å skrive en roman

Hvordan kom du til skrivingen, Aina Basso?

Eg byrja å skrive veldig tidleg, då eg var rundt ni år gammal, som ein del av leiken. Då herma eg etter romantiske noveller eg las i typiske jenteblad. På ungdomsskulen blei skrivinga meir seriøs, eg prøvde å vere original og tolke stiloppgåvene vi fekk i norsktimane på utradisjonelle måtar. Det var også då eg gjekk frå å skrive på bokmål til å skrive stadig meir på nynorsk, som er hovudmålet mitt. Det var ikkje eit medvite val, men noko eg har sett i ettertid. 

På vidaregåande fekk eg ein norsklærar som sjølv er forfattar, Marit Kaldhol, og ho var inspirerande, samstundes som ho stilte høgare krav til tekstane enn det tidlegare norsklærarar hadde gjort. Då eg var 17 tipsa ho meg om at forlaget hennar, Samlaget, skulle ha eit manusseminar som kven som helst kunne sende inn tekstar til. Eg sende inn rundt tjue dikt og blei valt ut til å vere med, men det skulle likevel ta meir enn ti år før eg debuterte som forfattar. 

Då hadde eg skrive i fleire år og både fått oppmuntrande konsulentfråsegner og refusjonar på eit manus eg sende til eit par forlag, m.a. Samlaget. 

I 2005 gjorde eg ferdig mastergraden min i historie, og det var først då det losna for meg. Eg innsåg at eg kunne bruke stoffet eg hadde kome til gjennom masterarbeidet til å skrive ein historisk roman, og i 2008 debuterte eg som forfattar med ungdomsromanen Ingen må vite, nettopp på Samlaget. 

 

Hvordan ser en typisk skrivedag ut for deg?

Dei dagane eg har ein heil dag til skriving, set eg meg ned med ein kopp kaffi etter at eg har levert i barnehagen. Så sjekkar eg e-post og ser om det er noko eg må svare på med det same, før eg opnar dokumentet eg arbeider med og les over og flikkar på det eg alt har skrive, ser kanskje på kommentarar frå redaktør eller konsulent og prøver å finne ei betre løysing på eit avsnitt eller utvide forteljinga, eller eg opnar eit heilt nytt dokument - anten for å byrje på noko heilt nytt, eller for å freiste angripe eit kapittel eller ei novelle på ein ny og frisk måte, ikkje ved å redigere i ferdigskriven tekst, men ved å byrje på nytt frå ein annan vinkel eller på eit anna (tids)punkt i forteljinga. 

 

Hva skulle du ønske du hadde visst før du startet?

Vanskeleg spørsmål! Eg veit jo no både at det tek lang tid å skrive ei bok - opptil fleire år, sjølv om eg arbeider med ein redaktør og har eit forlag i ryggen som ønskjer å få boka utgitt - eg veit kor vanskeleg det kan vere å leve av forfattarskapen sin, slik at det er nødvendig å ta andre oppdrag, som igjen tek tid frå skrivinga - halde føredrag, reise på skulebesøk, gjere konsulentarbeid for forlag, mv. - for å overleve. Eg veit også at eg eg i størsteparten av dei fjorten åra som er gått sidan eg gav ut mi første bok har kunna leve av forfattarskapen min. Ikkje av inntekter frå boksal, vel å merke, det er ikkje nok for dei fleste, men av ein type mangesysleri innan litteraturen. 

Eg trur ikkje eg skulle ønskje eg hadde visst noko av dette før eg blei forfattar, men kanskje at dei fleste ikkje blir superkjendisar berre fordi dei gir ut ei bok, og ikkje så veldig rike, heller. 

Det er ein hard jobb å skrive og få utgitt bøker og det er ein svært privilegert jobb, som dessverre ikkje passar for alle. 

 

Har du noen råd til de som drømmer om å bli forfatter?

Skriv og les masse, og les breitt. Då eg var student las eg heilt annan litteratur enn det eg set høgt no, eg heldt meg gjerne til bestseljarbunkane i bokhandlane, som eg no sjeldan kjøper bøker frå. 

Eg vil også råde alle til å lytte til tilbakemeldingane dei får frå konsulentar eller redaktørar i forlag, sjølv om det er vanskeleg å 'kill your darlings'. For viss ein ikkje lyttar og speler ball, får ein ikkje oppfylt draumen sin om å få utgitt ei bok på eit av dei seriøse, norske forlaga, heller. Det betyr ikkje at ein blindt skal gå med på alle endringsforslag, men prøve det ut og vere opensinna. 

 

Skriver du på noe nå?

For tida arbeider eg både med noveller for vaksne og ein ungdomsroman, begge med eit historisk bakteppe. Eg er no i ein fase der eg reviderer tekstane etter kloke og klartenkte kommentarar frå redaktørane eg jobbar med, og prøver å løfte tekstane til det nivået dei meiner er oppnåeleg for meg som forfattar. Det er krevande, gøy og frustrerande på same tid.

Foto: Oda Berby