Isolasjon

 

Til deg som står aleine

med ei diger bør

og einsam sørgar og lengtar

til livet du hadde før

 

Til deg som møtte stengte vegar

der du helst ville gå

til deg som prøvde alt

og tilslutt ikkje visste rå

 

Til deg som vart utsatt for noko

du gjekk heilt aleine med

Til deg som ikkje vart trudd

då du fekk mot til å dele det

 

Til deg som såg klart før dei andre

og sa kva for veg det bar

dei andre lo og smilte

og kalla deg gal og rar

 

Til deg som vart ramma av sjukdom

i dine beste år

Til deg som ikkje kan hugse

det spira fordi det var vår

 

Til deg som pleier eit barn som er sjukt

og bruker all tida på det

Til deg som må kjempe ei bitter strid

for å få rå til graut og ved

 

Til deg som mista det menneske

du hadde så inderleg kjær

Til deg som føler at aldri igjen

kan nokon komme deg nær

 

Til deg som er gammal og sliten

og synest at du har gitt alt

no er du gløymt av alle

dei er travle i livets tralt

 

Til deg som er i eit mørke

ingen heilt forstår

Til deg som kjenner eksistensen

som ein prøve i harde kår

 

Til deg som må finne din styrke

til å leve kvar einaste dag

fordi det er ingen som seier

kom - me skal gjere det i lag

           

II

 

No skrik dei på redningspakkar

etter ein dag og to

dei som levde livet

mens ditt stod heilt i ro

 

Regjeringa blar opp sedlar

gir midlar utan stans

òg for å redde maskineri

som er tufta på ignorans

 

III

 

Men er det ikkje du

som er sterkast rusta no?

Fordi du har vorte vant til

å ikkje vere to

 

Og kanskje kan du nyte

det livet som veks fram

når ingen hastar omkring meir

og trafikken står der lam

 

Kan hende er det du

som kan merke aller først

når nokon har det tungt

og treng gode ord og trøst

 

Om mogleg kan du puste

litt friare enn før

når det ikkje kun er du

som ber ei diger bør