Å gi ut selv: « I did it my way »

Ektefellen og eg sat med kaffien i handa og kika i dagens post. «Eg har lova å skrive ein blogg om mine erfaringar med å gi ut bok, med vekt på korleis eg marknadsførte og solte boka.» Stemma mi var så likegyldig eg kunne.

Ho såg på meg med eit blikk eg kjenner altfor godt, «og kor mange bloggar har du lese?»

«Det kan vel ikkje vere så vanskeleg å fortelje korleis eg gjorde det vel,» argumenterte eg imot. Men skaden var allereie skjedd. Då ho kledde seg for trening, begynte eg å søke på bloggar. Det skulla eg aldri ha gjort. Ei ukjend verden med kremmar og ansiktsmasker, trutmunnar og syltronge kle openberra seg. Og overlegne blikk. Eg makta ikkje lese meir enn ei og anna linje, før eg måtte hoppe ut. «Om det er slik å blogge, vert det ikkje med meg» slo eg fast for meg sjølv.

Som 30-åring trudde eg ikkje eg kunne skrive meir enn namnet mitt. Så tok eg på meg redaktøransvar for eit medlemsblad. Eg tenkte det var å sy saman artiklar andre skreiv, men etter kort tid vart eg tvinga til å skrive sjølv. Det gjekk tregt. Men eg likte å høyre andre fortelje, og eg følte sjølv at eg klarte å formidle på ein måte som lesaren likte. Så vart det fleire faktaartiklar frå arktisk, selfangst og Svalbard, forlis og storturar. Sidan vart eg med på forskingsprosjektet PetroArctic, der eg sto for innsamling og systematisering av kunnskapen til gamle ishavsfolk i Noreg, resultatet vart boka «Ishavsfolk si erfaring».

I det arbeidet møtte eg a-laget av attlevande ishavsfolk i landet. Å skrive biografi om ein av ishavsskipperane eg møtte, synets eg var ein kjempegod ide. Vi drøfta både innhald og vinkling, men dessverre drukna eg meg i arbeid og skipperen døde uten denne ideen vart realisert.

For tre år sidan hadde ein tanke lagt å kverna ei tid. Dersom eg skreiv ishavshistorie som roman, ville eg då møte eit nytt og utvida publikum? Svaret var tja. Det var berre eit problem, eg kunne ikkje skrive skjønnlitterært. Men eg hadde trua. Eg brukte litt tid på å klekke ut ein ide om ein ishavsroman (selfangst) som eg tykte var ei god historie, altså den fiktive delen - inspirert av livet til den nemnte skipperen. Vidare hadde eg mange gode historier eg ville flette inn. Den siste berebjelken skulle vere den norske ishavshistoria frå 1950 og fram til tusenårsskiftet.

Eg kalla det eit forsøk og gjekk i gang. Plutseleg var eg inne i skrivebobla, ei boble eg hadde høyrt om og flira av. Men eg var inne i den og produserte 60 000 ord på 40 dagar, ved sidan av full jobb og andre gjeremål. Når historia var på plass, sendte eg den ikkje til norsklæraren min eller andre med skjønnlitterær kunnskap. Nei, eg sendte til ein ishavsskipper og ein stuert, med ordre om å kvalitetssjekke det ishavsfaglege og synse om historia var leseverdig. Begge kom med positive og klare attendemeldingar. På eit tidspunkt sendte eg manus til eit forlag. Brev i posten kom, altså i postkassa – ikkje den digitale, med svaret «nei takk».

Frua hadde trua, og eg held fram, las og reviderte. Når eg var tilfreds, kjøpte eg korrektur- og språkvask. Eg fekk mala eit maleri som skulle vere framsida på boka og omsider vart boka sett opp og trykt. Marknadsføring og sal hadde eg ikkje tenkt noko vidare på. Plakatar og roll-up hadde eg bestilt saman med trykkinga. Vidare vart ei eiga Facebookside til boka FANGSTMANN laga. Lansering på Ishavsmuseet på Brandal vart arrangert. Oppslag i Sunnmørsposten fekk eg. Oppslag og omtale av boka i to lokalaviser. Men eg ville ha omtale av boka i Tromsø også, sidan historia var inspirert av ein skipper frå byen. Så eg booka konferanserom på eit hotell i byen, reiste opp og med hjelp av gode venar fekk eg oppslag i ei avis i byen. Vidare sendte eg kort info om boka til mange aviser. Lokalavisene tok denne stort sett inn. Maritimt Magasin tok turen til Brandal og Ishavsmuseet og skreiv ein fire-siders artikkel om skrivehobbyen og boka. Og eg solte bøker. Mange bøker. Via Facebook, på julemarknad, boksigneringar på bokhandlar og via andre bokhandlarar. Eg sjølv var overvelda.

Eg hadde lært masse, samstundes hadde eg aldri tenkt at dette skulle verte noko meir enn eit «One Night Stand». Men attendemeldingane var fine, med forventning om ein oppfølgjar. Det hadde aldri vore i mine tankar, då hadde eg sjølvsagt ikkje teke livet av hovudpersonen i første boka. Vidare skjønte eg at om eg skulle skrive meir skjønnlitterært måtte eg hente meir kunnskap. I jakt på denne kunnskapen kom eg over Forfatterskolen. Eg meldte meg på kurs, og slukte all kunnskap med stor appetitt. Når så oppgåva om å lage karakterar og bygge ei historie kom, måtte eg gjere nokre val. Eg let meg rive med av dei gode attendemeldingane og gjekk med stor iver inn for å starte på ein oppfølgjar til «FANGSTMANN – ei forteljing frå ishavet».

Det var ein langt meir reflektert mann som gjekk i gang å skrive denne. Energinivået var lågare, kunnskapsnivået høgare og prestasjonsangsten lura. Tre forlag las manus, utan at dei kasta seg over min smale sjanger. Men det vart bok, «EVENTYRET – med «Fangstmann» til Svalbard». Malen ikkje ulik den først, korrekt geografi og historiske hendingar, med ei fiktiv spenningshistorie. Same korrekturlesar, illustrasjonar frå same illustratør som sist og same oppsett/trykkeri.

Korleis tenkte eg så om marknadsføring? For det første, sist gong gav eg ut bok ein månad før jul. Denne gongen var det ein og ein halv månad tidlegare. Plakatar og roll-up var på plass før boka. Eg presenterte boka på Ishavsmuseet på Brandal, i Tromsø og sidan det er ei Svalbardbok, i Longyearbyen. Biblioteket i Tromsø har tradisjon for bokpresentasjonar, så der fekk eg kome gratis, ja dei annonserte og organiserte til. Eg tok kontakt med same journalisten i Tromsø som sist, og oppslag fekk boka. I Longyearbyen vart boka presentert på utestaden Stationen. Dei reklamerte og der kom mange folk, ja så mange at eg kjente eit snev av prestasjonsangst. Svalbardposten hadde notis om boka. Til alle presentasjonane kom det godt med folk og eg solte bøker. Redaktøren i lokalavisa kontakta eg, der fekk eg merksemd, med dekking av bokpresentasjonen, laurdagsportrett av meg og sidan omtale av boka. Eg kontakta ein journalist NRK Møre og Romsdal, resultatet vart eit flott innslag om boka som nyhende i fjernsynssendinga klokka 1845. Maritimt Magasin skreiv også om boka. Vidare hadde eg ein invitasjon frå Rotary i nabokommunen, den passa eg på å få kome etter boka var ute. Vidare tok eg del på to julemarknad, der bøkene solte godt. Og sjølvsagt signering i dei lokale bokhandlane.

Facebook erfarte eg sist var ein nyttig kanal, den har eg bruka denne gongen og, både til å legge ut bokpresentasjonane som arrangement, nyhender, omtaler og sal av boka. Eg ønska å gjere noko som vart lagt merke til, så via ein avdelingsleiar eg kom i kontakt med ein student på medialina på høgskulen i Volda. Han laga ein reklamefilm av EVENTYRET til bruk I sosiale media.

Og ja, også boka «EVENTYRET – med «Fangstmann» til Svalbard» har seld godt. Ein god del har også kjøpt FANGSTMANN samstundes, det har vore ei hyggeleg overrasking.

Erfaringane eg har gjort:
Det er fullt mogleg å gi ut bok sjølv og lande på beina, men rekn ikkje timar! Produktet kan ikkje verte for godt gjennomarbeidd, bruk pengar på korrektur og språkvask, kanskje også ein redaktør om du har mange pengar. Eg brukte fleire testlesarar. Tittel og omslag er viktig for å selje boka, i dag meiner eg at FANGSTMANN er ein betre tittel enn EVENTYRET, like eins er eit dramatisk maleri av ei ishavsskute meir seljande enn fjordis, bre, fjell og blå himmel. Og du må eksponere både boka og deg sjølv for å selje den.

VIDEO: Se Johannes fortelle om boka 

Å gje ut bok sjølv krev mykje arbeid, det er viktig å vere kritisk med omsyn til kostnader, i den grad eg har brukt «unødvendige» kostnader har det vore på marknadsføring, med kjøp av annonser i aviser og fremjing på Facebook. Den viktigaste suksessfaktoren er du sjølv, du må ha tru på produktet og virkeleg brenne for å presentere og selje boka. Då går det bra!

Eg har gjort det på min måte, du må gjere det på din.

Lykke til!

Og det viktigaste, hugs å ha det kjekt på vegen.

Johannes Alme

Se NRK-intervju med Johannes her!

Følg eventyret på Facebook: Boka Fangstmann - ei forteljing frå Ishavet